:: Gardsdrift


:: Kulturlandskap

:: Småskala foredling

:: Servering

:: Bestilling

:: Lenkjer

:: Galleri

:: Kontakt

Holo Gardstun på Facebook




 

Gardsdrift

Holo er ein høgdegard i Flåmsdalen. Den ligg 470 moh med ein bratt, men god gardsveg heilt fram til tunet. Frå Holo har me  vakker utsikt over Flåmsdalen og Rjoandefossen. Tunet er eit klyngetun / rekketun med elleve bygningar. Husa er plasserte i terrenget der det er trygt for ras. Bustadhus og driftsbygningar er bygde med møneretning nord-sør, medan stabbura har møneretning ut mot dalen - aust-vest.

Holo er omtala i skattelister frå 1500-talet, men garden har truleg vore i drift sidan før Svartedauden. Garden har opp gjennom tidene vore delt i to eller tre bruk. I 1980 vart dei tre bruka slegne saman til ei driftseining. Gjennom tidene har det vore ei allsidig jordbruksdrift på Holo med husdyr og åkerbruk. Fram til 1970 var det både kyr, sau, geit og hest på garden. Utmarka og fjellstølane var på den tida ein viktig ressurs i gardsdrifta.

Til Holo høyrer det to heimestølar - Tjørnsete og Kleistdalen - og ein fjellstøl - Reinunga.

På Holo driv me no berre med sau. Me har rasane norsk pelssau og dalasau. Om våren går sauer og lam på heimebeite fram til første veka i juni. Om sommaren - fram til slutten av september - beiter dyra omlag 1400 moh. Pelssauene beitar helst i skogen, medan dalasauene likar seg best i høgfjellet. På austsida av Flåmsdalen er det svært gode beite, det gir oss lammeslakt med høg vekt og god kvalitet.