:: Gardsdrift


:: Kulturlandskap

:: Småskala foredling

:: Servering

:: Bestilling

:: Lenkjer

:: Galleri

:: Kontakt

Holo Gardstun på Facebook




 

Kulturlandskap

40 vinterfora sauer er ikkkje nok til å halda kulturlandskapet på Holo fint og velstelt. Om våren svir me difor gamalt gras i dei bratte reinene nedanfor gardstunet. I desse reinene likar sauene å beite på graset som veks opp or oska. Om sommaren er det ein rik flora i dei områda som vert svidde av om våren. Det veks mellom anna vill bergmynte/skårakung i desse bratte reinene. Dette krydderet vert turka og brukt i spekepølsene me produserer.
I midten av juni begynner siloslåtten. Omlag 12 mål jord er oppdyrka, slik at me kan hauste graset med forhaustar og Vossakasse. Det bratte terrenget på Holo gjer at me er avhengig av godt ver for å kunne bruke forhaustaren i slåtten.
Alt turrhøyet sauene treng til vinterfor vert hausta med slåmaskin og ljå. I godt ver vert graset forturka på bakken - deretter vert det turka ferdig ved hjelp av vifte på låven. Dei siste somrane har vore svært nedbørsrike, difor har me vore nøydde til å hesje mykje av graset for å få det turt. Det er både tungt og arbeidskrevande å hesje vått gras. Er me heldige med veret varer slåtten til begynnelsen av august.
På Holo var det geiter fram til 1975. Geitene var flinke til å halde spraken i sjakk. No kryp spraken nærmare og nærmare gardstunet. I ledige stunder ryddar me difor spraken manuelt. Målet er å fjerne all sprake innanfor steingarden som skil innmarka frå utmarka. Spraken vert brent opp når veret tillet det - gjerne medan det enno er snø på bakken.